Høgskulen på Vestlandet

HiSF, HiB og HSH fusjonerer og skal saman danne Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Den nye institusjonen trer i kraft frå 1. januar 2017.

Dette er den nye høgskulen i korte trekk:

  • HVL blir ein profesjonshøgskule med om lag 16 000 studentar
  • Høgskulen får fem studiestader: Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund. Det vil seie at alle dagens studiestader består.
  • Høgskulen skal tilby utdanning på masternivå på alle studiestadene.
  • Høgskulen får tilsett rektor og ekstern styreleiar. Rektor får hovudarbeidsplass i Bergen, og prorektorane skal ha sete i og ansvar for sin nærregion.
  • Høgskulen vil ha tre såkalla nærregionar: Sogndal, Bergen og Stord/Haugesund.
  • Det blir ikkje endringar i studietilbodet på kort sikt. Første felles opptak blir i 2018.
  • Nynorsk blir hovudmålforma.

Henta frå: http://fusjonsinfo.no