Gira Tur!

Arrangeres 28.-30. Oktober 2016
Påmelding skjer her.

«GIRA tur» er ein engasjementstur for alle tillitsvalgte, studentråd og parlamentsmedlemmar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er ein årlig tur Studentparlamentet arrangerar for å knytte kontaktar i studentdemokratiet.  Gira turen gjer dei tillitsvalgte og studentparlamentet mulegheit for utveksling av erfaringar, forståing på tvers av avdelingar og klassar, samt ein nettverksplattform som ofte resulterar i vennskap.

Kor går turen?
Vi legg turen til same stad som i fjor, etter gode attendemeldingar frå deltakarane. DNT Målsethytta ligger på Vikafjellet og rommar ca. 35 personar. Les meir om hytta her: Målsethytta

Kva skjer?
Det velges et gjennomgåande tema kvart år.  Årets tema er «Kva vil det seie å vere studentpolitikar». Innanfor temaet ynskjer vi å kome innom: Kva er Norsk Studentorganisasjon og korleis dei jobbar, studentpolitikk lokalt, korleis bli ein betre og meir engasjert studentpolitikar, korleis få fram bodskapen ein ynskjer å formidle. Programmet er enda ikkje heilt klart, så ikkje sjå bort i frå at det kan bli nokre endringer.

Sosialt!
Denne turen er ikkje berre for å lære, men også for å bli bedre kjent og ha det moro i lag om kveldane. Vi handlar inn god mat og lagar sjølv. Det er også åpent for at dere kan ta med medbrakt drikke og kos til det som skjer av sosialt på kveldene.