Tilittsvalde

Rutinar for val av tillitsvalde og varatillitsvalde

Kvar klasse skal føreta val av tillitsvalde og varatillitsvalde, seinast innan 8. september.
Studieleiar/faglærar bør i god tid på førehand oppmoda studentane om å gjera framlegg om aktuelle kandidatar fram til valet vert føreteke.
For at valet skal verta ryddig gjennomført er det ynskjeleg med fleire kandidatar som stiller til val. Valet bør i utgangspunktet vera skriftleg.

 
TILLITSVALDE – Oppgåver/funksjonar

Som klassetillitsvald i din klasse er du den delen av Studentdemokratiet som er nærmast studentane, og veit best kva som opptar studentmassen. Dette er eit viktig verv for at Studentdemokratiet skal fungera ved dei ulike klassene ved høgskulen vår. Som klassetillitsvald kan du vera med å skapa eit godt heilskapeleg læringsmiljø, ved å ta opp aktuelle problemstillingar i din klasse.

Leave a Reply