Studentråd

Vil du forbetra studiekvardagen til deg sjølv og andre? Vil du verta betre kjent med andre studentar? Studentrådet er studentane sitt eige organ på avdelingsnivå.

Studentrådet er styret for alle tillitsvalde, og vert vald samla av alle dei tillitsvalde ved avdelinga. Studentrådet er samansett av minimum leiar, sekretær og styremedlem. Studentrådet er det høgaste studentorganet på avdelingsnivå, og talar studentane si sak i møte med dekan og avdelingsleiing, og har ei viktig oppgåve med å ivareta studentane sine ”samla” interesser på avdelinga. Studentrådet uttalar seg på vegne av alle studentane ved avdelinga, og er også høyringsinstans i saker som dreier seg om avdelinga. Utan engasjement i studentrådet vil studentane mista eit heilt sentral del av sitt høve til å påverka

Studentrådet arbeidar for:

• Eit godt miljø ved avdelinga.
• Best mogeleg undervisningstilbod
• Finna representantar frå studentane til ulike utval og fora.
• Arbeida mot avdeling si leiing for å fremja studentane sine interesser.
• Setja i verk tiltak for å sikra kvaliteten på det faglege og læringsmiljøet.
• Fremja studentane sine interesser på faglege, økonomiske, sosiale og kulturelle område.

Retningsliner for tildeling av midlar til Studentråda:

Totalt set Studentparlamentet av ein årleg sum på budsjettet som Studentråda ved avdelingane kan søkja midlar frå til bruk for internt tillitsvaldarbeid. Tildeling føregår etter følgjande kriteriar:

1. Studentråda kan søkja Studentstyret om midlar til avvikling av ymse aktivitetar knytt til tillitsvaldarbeid som vedkjem styret, eller alle tillitsvalde samla. Søknaden skal vera skriftleg, og sendast styret i Studentparlamentet.

2. Studentstyret gjer vedtak om fordeling av midlar ut frå ein grunngjeven søknad frå Studentråda. Ved søknaden bør det framgå dokumentasjon av aktivitet, eller planlagde aktivitetar. Retningslinene skal gjerast kjend for alle  Studentråda ved Høgskulen.

(Retningslinene er vedtatt av Studentstyret, i sak 25/09).

Studentråda 2016/17

ASF

Leiar: Erik Haugen
Nestleiar: Svenn-Erik M. Bendiksen
Sekretær: Knut Erik Adolfsson

ALI

Leiar: Joakim Fossheim
Nestleiar: Caroline Holme
Sekretær: Trine Storm Dal

AIN (Sogndal)

Leiar: Tiril Evensen
Nestleiar: Ismail Ahmed Mahammad
Sekretær: Joakim Elg Barlinn

AIN (Førde)

Leiar: Are Bødal
Nestleiar: Tom Erik Berg
Sekretær: George Ishimwe

AHF

Leiar: Linn-Karin Hansen
Nestleiar: Christian Beev Hansen
Sekretær: Vebjørn Dolve

Leave a Reply