Styre, råd og utval

På Høgskulen har vi diverse styre, råd og utvalg vi trenger studenter til å engasjere seg i!

FoU utvalet
Som medlem av FoU-utvalet er du med på å styrke, stimulere og utvikle HiSF si forsking og- utviklingsverksemd. FoU fungerer og som eit rådgivande organ for høgskulestyret og leiinga ved høgskulen.

Høgskulestyret
Høgskulestyret er det øvste demokratiske leddet ved høgskulen. Dei som sit der er m.a. ansvarleg for at dei faglege aktivitetane ved HiSF held høg standard. Det er også dei som vedtek kva skulen skal gjere vidare i løpet.

Klagenemda
I klagenemnda skal ein handsame enkeltklager frå studentar, noko som gjer at dei som sit i vervet får mykje ansvar. Dette vervet krev at ein evnar å sjå sakene frå alle sider.

Likestillingsutvalet
I likestillingsutvalet skal ein følgje opp og vere pådrivar for linjeforeiningar og andre utval med særskilt mynde i samband med likeverds- og likestillingsarbeidet med HiSF.

Læringsmiljøutvalet
Læringsmiljøutvalet skal sjå til at høgskulen oppfyller krava til eit forsvarleg læringsmiljø. Læringsmiljøet omfattar både det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet for studentar ved høgskulen.

SISOF-styret
I SISOF-styret jobbar ein med sakar som gagnar velferda til studentane. SISOF er ei bedrift med studentvelferd som sitt hovudfokus, og styremedlemmane sitt med ansvaret for å ta avgjersler. I styret er studentane i fleirtal.

Skikkanemda
I skikkanemnda skal ein handsame spørsmål om skikkaheit frå studentar og forelesarar. Skikkavurdering er ein viktig del av kvalitetssikringen av høgare utdanning og vi som studentar spelar her ei viktig rolle.

Utdanningsutvalet
Utdanningsutvalet er eit rådgjevande utval for rektor i saker som gjeld kvaliteten på HiSF sine utdanningar.

For mer informasjon send mail parlamentet@hisf.no eller gå kontoret til Studentparlamentet.

Leave a Reply