Studentparlamentet

Studentparlamentet er det øvste studentdemokratiske organet ved høgskulen, og er samansett av studentar frå alle avdelingane, til saman 16representantar. Valperioden er frå september til juni kvart studieår. Studentparlamentet møtast 3-4 gonger per semester. Innkallingar og referat frå møta finn du her.

Hovudmål

• Fremja studentane sine interesser på faglege, økonomiske, sosiale og kulturelle område.

• Setja fokus på det heilskapelege læringsmiljøet ved Høgskulen.

• Sjå til at undervisninga og verksemda generelt ved HiSF er i samsvar med gjeldande lover og reglar.

• Samarbeida med og fremja studentane ved HiSF sine synspunkt i høve til dei nasjonale studentorganisasjonane og Departementa.

Ut frå hovudmåla skal StP arbeida for å ivareta studentane sine rettar i studiekvardagen og som vedkjem studiesituasjonen. Studentparlamentet står og for val av representantar til styre, råd og utval ved Høgskulen, der studentar er representerte, sjå nærare informasjon under styre, råd og utval.

Leave a Reply