GOD JUL FRÅ STYRET

EI SISTE HELSING

Takk for oss i styret ved det siste studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ja de, då er Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane like daudt som kjærleiken.  Det er vemodig å gravleggje denne organisasjonen som har levd like lenge som dinosaurane sjølv. Samtidig ser vi fram til eit nytt år med nye impulsar utanbys frå.

Vår tid i styret har lært oss mykje om å jobbe mot eit felles mål, som i år har vore blant anna å gjere fusjonen mest muleg knirkefri. Det har vore oppturar og nedturar, og den største oppturen er dei gode banda vi har knytt innad i styret. Vi har lært at ikkje alt alltid kan gå på skjenar, men at alt også løyser seg til slutt.

Vi vil takke alle samarbeidspartnarar for gode år – og ser fram til vidare arbeid. Vi ynskjer dykk lukke til vidare!

Styret takkar for seg og ser fram til eit nytt år og nye mulegheita i lag med den nye Høgskulen på Vestlandet.

15387495_10154797046956591_106453863_o

Julehelsing frå Styret

Linda-Marie Leirpoll, Mats Simonsen Jahn, Henrik Halleraker Brown, Linn Karin Hansen, Are Bødal, Linda Christine Bøhn, Knut Almås Anfinset og Marion Kristine Gustavsen